historien

Setesdal Husflid er eitt samvirkeføretak som vart skipa I 1966, då med namnet Setesdal Husflidssentral. Husfliden er ein heilårsope butikk og verkstad i Husflidsbygget, Valle. Husflidsprodusentar og interesserte stod for etableringa, og føretaket skulle fyrst og fremst selje medlemene sine produkt. Vidare skulle Husfliden jobbe for ei vidareutvikling av husflidsproduksjon i Setesdal.

Husfliden har i sin snart 50-årige historie vore eit viktig kompetansesenter for Setesdalsbunaden og sytt for at saumarar i heile dalen har hatt tilgang på spesialprodusert tøy og garn til bunaden.

Dei tilsette har og ytt verdifull hjelp og rådgjeving til alle som har gjeve seg i kast med bunadssaum.

På bilete ser de Gyro Uppstad som arbeidde mange år for Husfliden. Idag er ho leverandør av vove belter og typleband til Husfliden.



TilbakeNeste